KHKV
VossaRudl'n 2022

Norgesløpet VossaRudl'n 2022


Pinsen fredag 3. juni til måndag 6. juni.

Køyretøyhistorisk Klubb Voss inviterer til Norgesløpet VossaRudl'n 2022


FREDAG 3. JUNI

For dykk som kjem fredag vil det vera sosial samkoma på kvelden.

Middag og omvising Smalahovetunet AS. Sjå fyldig orientering om dette på facebooksidene, eller i tilsendt e-post.


LAURDAG 4. JUNI 

Laurdag er løpsdagen og Norgesløpet VossaRudl’n 2022 vert gjennomført.

Oppstilling Bømoen, og gjennomføring etter same lest som tidlegare. Me gjer merksam på at alle deltakarar må innom alle oppgåvepostar, lunsj og fotopost for å fullføra løpet.

Målgang ved løpshotellet Stalheim Hotel. Avsluttar med løpsfest, premieutdeling, festmiddag. 


SUNDAG 5. JUNI

Me inviterer deltakarane til ulike aktivitetar i det flotte verdsarvområdet.

Program for sundagen vil verta annonsert før påmeldinga startar.

Middag på Stalheim Hotel for deltakarar og gjester. Sjå fyldig orientering om dette i tilsendt e-post.


MÅNDAG 6. JUNI 

Frukost, drøs, avskjed og heimreis.

PÅMELDING, PRISAR OG BETALING:

Påmelding til løpet er elektronisk, via deltager.no

Deltakaravgifta er i år kr 830,- Dette inkluderer lunsj for sjåfør.

Lunsj for passasjer samt andre organiserte aktivitetar kjem i tillegg.

Det er viktig at du les påmeldingsskjema og orientering godt og fyller ut korrekt informasjon.


Køyretøy med årsmodell til og med 1992 kan delta. Maksimalt antal deltakande køyretøy er sett til 160

(med atterhald om endringar i smittesituasjonen og restriksjonar frå FHI/regjeringa)

 

OVERNATTING:

MERK: Alle deltakarar må bestilla overnatting sjølve.

Ved betalt påmelding vil du motta ein sms/e-post med eit referansenummer.

Dette referansenummeret må du ha dersom du skal bestilla hotellrom ved løpshotellet Stalheim Hotel.

Det er ikkje mogeleg å bestilla overnatting ved løpshotellet før du har plass i løpet.