KHKV
Løypeskildring

Løypeskildring Norgesløpet VossaRudl’n laurdag 4. juni 2022
DEL 1:
Ut frå start, Bømoen, tek du til VENSTRE inn på Bømovegen, fyl denne til du kjem til
Flyplassvegen. Her finn du Post 1, Voss trafikkstasjon.
Ut frå Post 1, køyr beint fram og om lag 400 meter, ta til VENSTRE inn på Tjukkebygdvegen,
ta til HØGRE etter om lag 150 meter og neste VENSTRE Rykkjesvegen.
Vidare til Gjeråker haldeplass, her kryssar du jernbanelina og til VENSTRE, på Tvildesvegen.
Fyl denne fram til kryss, ta til HØGRE inn på E16, over brua og vidare E16 (Strandavegen).
Fyrste rundkøyring BEINT FRAM, skilta Oslo. Neste rundkøyring, ta til VENTRE, og straks
VENSTRE, Ringheimsvegen.
Fyl Ringheimsvegen nedatt til Voss sentrum.
Ved Vangskyrkja tek du til HØGRE, fyl Vangsgata, deretter til HØGRE inn på Uttrågata. Forbi
Voss gondol, fortset på Evangervegen forbi Fleischer’s Hotel.
Fyl Evangervegen fram til rundkøyring, ta til VENSTRE, vidare på E16, Evangervegen, til Kvåle.
Ved Kvåle svingar du av og tek til VENSTRE, Honvesvegen. No køyrer du parallelt med E16.
Ved neste kryss, ta til HØGRE, fyl vidare Rekvesvegen, til Bulken. Køyr over Lilandsbrua,
deretter VENSTRE inn på Vikjavegen (forbi Lilandstunet Gjestgiveri)
Fyl Vikjavegen i vel 10 km, vidare på Gjernesvegen, til postmannskap viser deg veg inn til
Blomvegen. Køyr rake vegen, ta til HØGRE inn på Bordalsvegen.
Fyl Bordalsvegen til avkøyrsle Voss ski- og tursenter, ta til VENSTRE
Fyl skilta veg til Voss ski- og tursenter, STADION, til parkeringsplass og Post 2.
Ved post 2 kan det verta noko venting og avreise i puljer, dette grunna at løypetraseen
kryssar løypa til sykkelrittet Bergen – Voss.
Ut frå post 2, fyl vegen nedover til Skutlesvegen. Fyl denne ned til kryss på Palmafossen. Inn
VENSTRE på Hardangervegen og straks til HØGRE. Her er trafikkdirigent. Han stoppar for
sykkelritt. OBS ikkje stopp på jernbanelina!
Vidare Tjukkebygdvegen, og attende til start, Bømoen leir.
Parker på same stad som du starta frå.
Lunsjopphald, drøs og post 3.


Del 2:


Før du tek til på del 2, av løypa, skal du innom post 3!
Same veg ut att, ta til HØGRE inn på Tjukkebygdvegen og fram til kryss Ygre. Her deler løpet
seg, fyl anvisning av postmannskap.
Alternativ 1 Venstre Kytesvegen, mot Norheim, fram til kryss Reppavegen ta til VENSTRE
OBS igjennom tunet på Nera Kyte er der 3 kvasse fartshumpar. Er skilta OG 30-sone! Ta til
VENSTRE i kryss, inn på Reppavegen. Etter 500 meter tek du til VENSTRE til Voss
Hestesportsenter, Post 4. Etter Post 4 er ruta lik.
Altalternativ 2 Rett fram vidare på Raundalsvegen, til Kløve. Her tek du skarp sving til
VENSTRE, fyl vegen Kløvshagane, skilta til Lemme. Nedatt til Kytesvegen, fram til kryss, inn til
HØGRE på Reppavegen.
Etter 500 meter tek du til VENSTRE til Voss Hestesportsenter, Post 4. Etter Post 4 er ruta lik.
Ut frå post 4, ta til VENSTRE og fortsett vidare på Reppavegen, igjennom Amerikakrysset,
heilt til Tvinne. Ta til høgre inn på E16. I rundkøyring på Vinje fortsett på E16. Køyr opp
Vinjadalen fram til kryss, skilta Vasstrondvegen. Ta til HØGRE
Her køyrer du på Vasstrondvegen fram til Haugsvik. Ta til HØGRE inn att på E16
Haugsvikvegen og fyl denne fram til kryss, skilta Stalheim Hotel og MÅL.


Ver merksam på at dersom du ikkje skal overnatta på Stalheim Hotel, vil du verta vist til
midlertidig parkeringsplass.


Det vil vera godt merka mannskap på plassen som vil visa dykk til parkeringa.


God tur – og velkomne til Stalheim!