KHKV
Program for Sundag

Program sundag 5. juni 2022

Aktivitetar i verdsarvområdet Nærøydalen


Me ønskjer å vise fram det flotte verdsarvområdet som Nærøydalen er. Stalheim hotell ligg majestetisk til med utsikt over dalen


Vikinglandsbyen, omvising og lunsj (kr. 815,-)

Oppmøte kl 11:00 i Vikinglandsbyen

Gudvangen ligg ved enden av Nærøyfjorden klemt innimellom høge fjell.

Her ligg og Vikinglandsbyen der me ønskjer å vise dykk korleis vikingar levde.

Det blir guida tur og høve til å prøve seg på både øksekast og bogeskyting.


13:00 Lunsj i Vikinglandsbyen

Menyen består av ulike supper:

1. Vikingsuppe med kjøt og grønsaker servert med grovt brød og ramsløksmør

2. Vegetarsuppe med lokale urter servert med grovt brød og ramsløksmør

3. Fiskesuppe servert med grovt brød og ramsløksmør


Dessert: Eplekake eller yoghurt med rabarbra


Inkludert er fjellvatn, blåbærjuice og kaffi eller te.


Fottur til Nåli

Oppmøte 15:00 ved hovudinngangen, Stalheim Hotel

Nåli er ein gammal husmannsplass som ligg spektakulert til på ei fjellhylle.

Fotturen går gjennom Sivle gard der Per Sivle ætta frå. Stien er lett kupert,

så joggesko er å tilrå. Kjentfolk vert med på turen som tar omlag 2 timar til saman.


Stalheim folkemuseum og Tønnebergs samlingar (kr. 70,-)

Oppmøte i resepsjonen kl 11:30 og 15:00

Omvising Stalheim folkemuseum og Tønnebergs samlingar. Stalheim folkemuseum

ligg ved Stalheim Hotel og er eit av landets største folkemuseum i privat eige.

Museet tar sikte på å vise dei ulike sidene ved livet slik det arta seg for vossingar

og strendingar gjennom dei siste to - tre århundra.


Vestlandsvegar - foredrag av Halvor Folgerø

Oppmøte kl 19:00 ved resepsjonen

Halvor Folgerø har skrevet boka Vestlandsvegar. Han ynskjer å fortelje oss med

ord og bilete om ei kulturhistorie med skarpe svingar og stor dramatikk, fart,

spenning og dramatiske hendingar på spektakulære og farefulle vestlandsvegar.


Dette foredraget får du med deg om du skal ete middag på Stalheim sundag kveld.